torsdag 4. november 2010

Kvar dag er ein prrrrfekt dag!! ;o)


I dag har eg prøvd å fange denne vakre stemninga.
Det vakre lyset og fargane skin i den våte asfalten, vakkert!!
Dei små morgonturane til skulen med jentene gjev ofte vakre naturopplevingar.
Tenk så godt det er å starte dagen slik, kunne ha tid til å nyte lyset og fargane;o)


Dei siste dagane har eg brukt til å gjere ferdig nokre prosjekt.


Først ut var denne juleløparen som har lege sidan november i fjor. Eg rakk ikkje å gjere den ferdig, men i år tenkte kan eg pynte med den kjøkkenbordet vårt.
Eg var så heldig at mi gode venninne Laila var utan handarbeid tirsdagskvelden....
....plutseleg var lukkekanten ferdig sydd!!!
Tusen takk!!!
Då var det berre for meg å pynte med snor og tråd for "siste finish".


Posane eg starta på før helga vart så tekne fram og den eine er no ferdig til bruk.
Eg har brukt bomullsvatt i den så den er mjuk og god. Den er nokså stor og har god plass til diverse tørre klede. Med hausten godt i gang og vinter i vente er det godt å ha rikeleg med tørre klede for glade, leikande barn;o)




Denne posen er undervegs.
Eg tenkte først å brodere motivet eg teikna opp, men revurderte det og ville ha det raskare ferdig......;o)
Dermed vart det stoppefoten og symaskina som vart brukt.
Og du så kjekt det var!!!
"Å teikne med symaskina", som Anne Beier Finnestad seier, er utruleg kjekt! Det er berre "å hive seg utpå" å prøve. Det er enklare enn det ser ut til! Og her, som med mykje anna, er det øving som skal til....

No vil eg ha ei tid på syrommet, eg har blant anna ein pose som eg vil gjere ferdig. Eg er midt i ei lydbok og henta ei ny på biblioteket i går så alt ligg til rette for ein flott dag!!
Ha ein super dag du og!!

1 kommentar:

Laila sa...

Koseleg juleløpar med artige detaljar :) Posane såg veldig kjekke ut. Eg lar meg lett imponere over dei som greier å teikne med symasina. Ser ut til at du har "knekt koden". Eg har prøvd, men det vart ikkje særleg vellukka (men no er no eg elendig til å teikne med blyant også, så det er vel ikkje å vente at det skal gå noko særleg betre med symaskin... hihi....)Ha ei flott, kreativ helg.