mandag 15. november 2010

Vinterglede...



Då er eg ferdig med løparen min. Det har vore eit svært kjekt arbeid. Eg har kosa meg kvar ei stund eg har arbeidd med den.


I helga var den med på utstillinga av kursprodukta som husflidslaget har arrangert siste året. Då var den nesten ferdig. I går henta eg den heim og når kvelden kom kunne eg pynte den ferdig.
Her har eg "strødd" perler på bakgrunnen. Lissene på skøytene er den same lintråden som eg har brukt til blonden. Den brukte eg og til å quilte øvst i denne blokka.
For at hjertet mellom go'orda skulle vise betre har eg med ujamne mellomrom dryssa perler.
Deretter vart eg meir systematisk... ei lita stund....
i det grøne feltet har eg brukt paljett og perle i midten av kvar blome. Eg syes det var fint å ta att brunfarge også her.
I den brune blokka har eg lurt inn grøne perler i midten av nokre blomar......
Blokka med bilete i striper har eg valt å ikkje pynte, dette fordi eg vil at biletet skal vere i fokus.
I staden har eg avslutta med ein overdådig blonde!

Inspirasjonen til denne har eg fått frå bøkene til Tine Solheim, Maskeball og Maskepi. Eg har ikkje brukt mønster frå desse bøkene, men hekla blomar, kantar og "frynser" etter fri fantasi.
Når advent og lilla pynt blir pakka vekk skal denne leggast fram og glede meg gjennom vinteren.
Ha gode dagar!

9 kommentarer:

Kerstin sa...

Så lekker den ble. Du er bare et oppkom av kreativitet :) Ha en fin dag!
Klem

Bente sa...

Elegant løpar.
Du er jammen kreativ, så mykje flott du tryllar fram.

Ha ei fin veke.

Bestemor Drillo sa...

For en vakker løper! Skjønner godt at du har kost deg med den!
Ha en god uke!
Klem!

Merete sa...

Kjempefin løper, så mange artige detaljer!

Siv sa...

Denne var vinterlig og vakker - rene kunstverket! Ha en fin uke! :o)

Liven sa...

Her blomstrer virkelig kreativiteten:o), kjempefin løper!
Snax!

flisa sa...

Rålekker løper! Så flott med alle detaljene, et nydelig håndarbeide. Mye annet fint i bloggen din også, likte godt den nisseløperen under. vil gjerne følge bloggen din videre. Ha en fin dag!

Tone sa...

Løperen din er bare så lekker! Masse flotte detaljer. :)

LeKaQuilt sa...

Det ble en aldeles nydelig løper, herlige detaler :o)