Det er travle dagar, mange små og store ting som skal på plass. Avsluttningane er ferdige og jentene har første juleferiedag i dag.
Eg er framleis så heldig at mannen svingar støv- og vaskeklut, medan eg passar avtaler, ordnar gåver og håpar at eg finn att kreftene eg hadde før influensaen.
Den er seig, eg hostar og harkar enno i takt med englekora i julemusikken......;o)
Eg har pusla med strikkepinnar og heklekrok for det er så mange fine småprosjekt eg har lyst å prøve. Til no har det blitt nokre grisar, dungen har minka for jentene har funne ut at dei er kjekke å legge ved i julegåvene.....;o) Kjekt at dei likar dei og vil gje dei vekk til venninnene sine;o)
Oppskrifta til desse er der Liselotte som har laga.
Eg har og funne mange flotte hekleoppskrifter i kalenderen til Karen.
Nokre måtte eg berre prøve med ein gang og det har vorte nokre av desse.....
No i juleveka kosar eg meg med herreavdelinga på radio kvar kveld! og då blir det laga sopp over ein lav sko.....
.... og så måtte eg berre prøve desse juletrea. Dei er dekorative og fine;o) Eg kjem nok til å lage nokre fleire. Dei er fine i flokk...... Det er passeleg prosjekt i småpausar som må til....
Eg vil og takke til alle jenter/damer her i bloggland som lagar, inspirerer og deler med oss andre!!!
Ha gode dagar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar