torsdag 30. desember 2010

Romjulsstrikk

Romjul er lange, rolege dagar, lange kveldar, seine, lange frukostar;o) Familiehygge, filmar i selskap med jentene og min kjære. Gjere det vi ikkje rakk før jul. Gjere det vi har utsett til romjula, i vert fall planlegge å gjere det.....



Byte gåver vi har fått to av......;o) Planlegge nyttårsafta.... Kostyme til nyttårsbukk.....


Surre rundt i bloggland, finne oppskrifter, leite og ikkje finne det eg tenkte på, men finne noko heilt anna som eg får lyst til å prøve.....;o)

Strikke litt.....

Denne lua fall eg for første gangen eg såg den her. Eg printa den ut med ein gang og før jul kjøpte eg yndlingsfargane mine i nydelege Baby Silk frå Du Store Alpakka.


Eit nydelege garn å strikke med og med dobbelt garn i helile lua blir den god og varm;o) Det har vore eit kjekt romjulsstrikk.


Den blir lekker saman med dei supre støvlettane eg fekk til jul;o)


Eg ville og ha vottar som passar til. Eg leita etter oppskrift, men eg har ikkje funne den, så no prøver eg meg fram og skal nok få til nokre vottar med same mønster.


Så eg ser fram til nok ein dag med litt strikk, og ei stund med symaskina for jentene har planar om å vere saman med venner i dag.


Jau det blir nok ein god dag!


Ha framleis god romjul!

3 kommentarer:

Merete sa...

Deilig med sånne dager! Godt å finne roen med familien og kose seg sammen :o) Fin lue, og med votter til blir det jo helt supert!!

Svalen sa...

Ønsker deg et riktig godt nytt år!
Håper året bringer gode håndarbeidsdager:)
Hilsen Svalen.

jette sa...

Fin udgave af Selbu Modern, Solveig! Jeg synes jeg har set vanter eller i hvert fald pulsvarmere i det mønster, men jeg kunne ikke lige finde det igen på Ravelry.