tirsdag 7. desember 2010

stoffbitar


Eg var så heldig å få dette brevet av Merete.

Innhaldet var fire stoffbitar i gode, klare fargar og to ark med sytips:o)

Her har eg starta å kutte dei fire stoffbitane i remser......
.....no har dei fått kvile nokre dagar.
I dag plukka eg dei fram og sydde dei samam att,......
kutta litt meir,..... pusla,...... myste,..... snudde om,..... pusla på nytt, hmmmmm, nei!, snudde, pusla og pusla og plutseleg vart det slik.
Eg sydde dei saman att og slik vart det;o) No skal det få ligge litt til... det skal modnast.....;o)
Dette er kjekt! Få ei utfordring, kutte og følgje utfordringa litt.....;o), så gå min eigen veg....;o)
Korleis det blir vidare veit eg ikkje endå...... Eg har lagt det ved sida av symaskina, eg kan då kikke på det med kvart og plutseleg så kjem det ein lys ide.....;o)

Til slutt må eg berre skryte litt av eldstegullet og venninna hennar!
Eine læraren deira har rund dag i dag og det kunne dei ikkje la gå forbi i stillhet.....
Dei to jentene handla inn og sette i gang å lage marsipankake. Eg vil tru at mottakaren vil få ei kjekk stund i klassa i dag, for sjå kva ho får av klassen!....
.... og jentene har hatt ei kjekk stund med å lage og pynte den flotte kaka;o)

Ha gode dagar!

4 kommentarer:

Bestemor Drillo sa...

Spennende å følge med på den videre gangen i syprosjektet!!
Flott kake som læreren sikkert satte pris på!!
Ha en fin kveld!

Laila sa...

Spennande sak du har i arbeid :)

KariL sa...

Spennende prosjekt.
Nydelig kake læreren får. Må jo bare bli glad når ein får slik ei gåve.
Gode førjulsdager!

merete sa...

Veldig spennenede at du tok stoffbitene i bruk og at de inspirerte deg til fri lek, - hurra!
god ondsagskveld til deg!