fredag 17. desember 2010

Vinterhelg



No er det kvitt ute att, julestemninga og kulden kom på nytt. Dermed er det duka for fleire vakre vinterdagar;o)

Eg må enno tusle rundt, feber og influensa sit lenge i kroppen! Vottane er klare til vask så strikket blir jevnt og fint.

Ikkje så verst samarbeid dette;o)
Eldstegullet sin idé, og mora som teiknar, strikkar og skriv....




Julekorta som skal i posten er klare. Ein tur på postkontoret for å få frimerke og få dei i postkassa, så skal helsingane komme fram til jul;o)

Det har vore greitt å ta til mellom strikkeøktene.

No når eg er omtrent god att, har mannen flytta fokus.... Badet har dermed blitt gullande reint!!!!;O) og eit stort smil har klistra seg fast hos meg. Eg er så glad for at han kan ta vasken, når eg ikkje klarer det.
Eg skal heller pusle rundt å gjere det eg kan;o)



Denne freistinga kom i posten i dag.

Eg hadde ikkje tenkt å starte på noko nytt prosjekt før jul....
.....berre gjere ferdig nokre gåver......., men
om eg skulle ha litt tid til overs så spørs det om eg klarer å halde meg.....
Har du noko du ikkje klarer å la ligge?......:o)



Ha ein god Fredag!

Ingen kommentarer: