tirsdag 25. januar 2011

Fargefryd


Denne skåla fylt til randa med fargar og nydeleg garn inspirerer meg for tida. Eg gleder meg over alle dei vakre fargane og glansen i tråden. Eg må stadig bort å klappe og kjenne på den for den er mjuk og god...... Garnet kjem frå turen til Jæren og bla. Ullrommet. Vi var så heldige å få komme dit i løpet av helga. Det var ei av mange fantastiske opplevingar!
Ingeborg som eig Ullrommet importerer nokre av garntypane. Ho har og nokre geiter som ho får ull frå. Etter å ha reinska og ordna med ulla etter beste evne sender ho ein del til spinneriet ho har samarbeid med. Resten spinn ho sjølv.
Det ferdige garnet fargar ho sjølv. Ho tryller fram dei mest fantastiske fargar! For å få vakre sjatteringar og fargekombinasjonar bruker ho svamp når ho fargar.... Men dette kan du lese om her.
Er du på Jæren må du ta kontakt med ho for å la deg imponere og inspirere. Det ho leverer er handverk og ho har ei historie bak kvart nøste, det gjer det endå kjekkare å handle med ho.
Eg måtte berre prøve garnet, her er starten på nye prosjekt og strikkerprøver, lekkert ikkje sant?
Det kvite garnet i framgrunnen er laga av mink..... mjukt, nydeleg, lett og lekkert.....;o)
Det vart med andre ord strikka ein del i helga, og det vil eg vise etter kvart her på bloggen.
Ha gode dagar!

1 kommentar:

Svalen sa...

Måtte lese to ganger, garn av mink?! Ser da veldig lekkert ut.
Ja, det er deilig med fargefryd inne når de mangler ute.
Ha gode dager du også:)