lørdag 15. januar 2011

Grøn vakt.....



Kven ville vel opne denne boka, om ein ikkje eig den.....
Denne karen passar nok på dine hemmelege notatar like godt som ein liten hengelås......
Han eller er det ho.... vart nok meir bestemt enn eg tenkte i utgangspunktet.... munnen peikar noko nedover....
.... og han måtte vere grøn då innsida av permen i notatboka lyser mot deg!
Nok ein gang er det ein kopi av ei teikning eg har brukt som mønster.
Teikninga fekk eg i samband med eit prosjekt vi har i quiltegruppa.

Eg er blitt fasinert av desse ansikta og kjem nok til å lage fleire om eg finn nokre gode motiv....;o)



Og her er første utkast eller prøvelappen....
Eg trur nok at denne kjem til å ende på ei notatblokk til meg sjølv....
Denne er speglvend og ser ikkje så morsk ut, heller litt fortumla og det er ein nok om ein skal passe på mine notatar...;o)
Ha ein god laurdag!

3 kommentarer:

Siv sa...

Råstilig denne også! Veldig, veldig bra! :o)

Anna O.Nilsen sa...

Kjempe flotte,helt enig med at de passer godt til egne notater for de ser litt morske ut.Riktig god helg til deg.

KariL sa...

Den er så stilig. Kjekt når ein kan får fram fleire sinstilstandar frå det eine bilde til det andre, men med samme teknikk. Det blir jo reine kunsten. Liker disse bildene veldig bra.
Ha ei fortsatt god helg!