torsdag 13. januar 2011

Inspirasjon.....


Når eg jobbar med sirklar og grafiske former har eg gjerne teke ut nokre stoff og fargar som eg tenkjer å bruke.

Når så bitane er klipt ut, og eg legg dei saman finn, eg gjerne ut at eg vil ha ein anna farge, nyanse eller liknande.

Det gjev naturleg nok noko overskot som ligg og freistar til andre prosjekt og vidare leik med former og fargar.....


Trekantane kan leggast i stjernemønster,
som blad eller sirkel alt etter kva veg spissane vender. Med flisofix og stoppefot er det lett å leike seg fram til spennande mønster.



Men det kjekke prosjektet som eg starta på søndag i staden for å gå tur........;o) er dette:

Eg fekk ein kopi av ei teikning i haust. Eg hengde det opp på inspirasjonstavla mi på syrommet. Der har det henge til inspirasjon medan eg har samla mot til å gå laus på oppgåva.

Eg ville lage biletet i stoff og plutseleg var eg klar;o) Fram kom stoffbitar i lilla/rosa nyansar. Ein desj turkis og litt gul/brun/beige.

Som de såg i forrige innlegg fargela eg biletet for sjå omtrent korleis det ville bli.

Små bitar av stoffet vart limt fast på teikninga slik at eg hadde kontroll på bitane når eg skulle lime det saman.


Planen var å lage eit trekk til ein av permane mine.
Grønt er ein fin farge som gjev ro og inpirasjon og som passar godt saman med dei nyansane eg valde i biletet mitt.
Eg brukte og litt organsa for å få fram mørkare nyansar og kontrastar saman med ei mengde sytråd. Stoppefot og saum fram og til bake i bogar og med snurrar lagar liv i biletet.


Det var fasinerande å sjå korleis biletet endra seg etter kvart som eg la på organsa, sydde og fekk fram detaljar i og rundt augene, i ansiktet og håret.
Eg har kosa meg, men det er vel unødig å seie....
Med ei slik framside måtte eg berre ha fargar og overflod på baksida og..... Med restane frå helgesaumen var det enkelt å leike vidare.


Eg kjem nok til å prøve meg på fleire bilete.
Eg har allereie eit par små bilete, som no er kome inn i permen;o)
Dei skal eg skal sy og tenkte at dei kunne vere pynt på veske og ei notatblokk.
Som vanleg har eg mange idear, planar og utsikt til mange timar med glede og kos!
Utklipp, bilete, inspirasjon frå nettet og andre inpirasjonskjelder vert no samla i den "nye" permen min.
Men eg får meg ikkje til å sette den inn i bokhylla.....
Den har førebels plass på golvet ved sida av sofaen, lett tilgjengeleg og til glede, i vert fall for meg......

Ha gode dagar!

6 kommentarer:

SNILLPIKE♥ sa...

Så kreativ du er, den permen må få hedersplass i hylla di, den var bare helt nydelig. Gleder meg til å se det neste du tryller frem.

Gode ønsker om en koselig helg til deg og dine kjære, klem ann helen.

Linda sa...

Flott kreativ fargelek der,du er god.
Morro å leke med fargene,sette sammen nye fargesammensetninger,det er over halve gleden med quilting synes jeg.Ha en flott kreativ helg!

Linda sa...

Fantastisk flotte mug rugs lenger nede på siden din:))

Siv sa...

Du, dette ble knallfint! Virkelig et flott stykke arbeid både av deg og tegneren! God helg! :o)

Anna O.Nilsen sa...

Nydelig arbeid og farger. Koselig å følge deg og din kreativitet. Klem.

KariL sa...

Woww....Helt fantastisk. Så kreativ du er. Likte permomslaget så bra. Herlige farger også.
Klem!