søndag 2. januar 2011

Morgonstemning


God start på dagen. Vakne av seg sjølv, ikkje klokka.

Få fyr i omnen;o) Kveikje nok levande lys.....;o) Lage klar tekoppen og la den trekkje.

Eine votten er ferdig, neste er komen på pinnane.
Eg har funne eit mønster på ein vott som passar i masketalet til ein rapport av mønsteret til lua. Det vart eit passeleg strikk til å starte året med;o)



Ute har det kome eit nytt lag av rein og kvit snø. Dei to siste dagane har det regna og blese, men i dag er det ein nydeleg vinterdag, kvit og fin med sola som lyser opp.

Berre det gjer at smilet er på plass;o)

Få planar for dagen gjer at det kan bli plass til både ein tur ut, ei god stund med symaskina.

Seinare i kveld tenkte vi å få med oss fyrverkeri. Det vart avlyst nyårskvelden pga. sterk vind, men i dag ser det ut til å bli perfekte forhold. Det blir nok ei fin stund for dei som tek turen.


Ha ein god vinterdag!

3 kommentarer:

sologbolig sa...

Fine vottar og flott naturbilete. Eg starta også nyåret med strikking, sokkar til meg sjøl.
Ha ein fin kveld

KariL sa...

Så kjekt å starte året med et godt strikketøy. Her ble det restesying.
Fyrverkeriet var flott.
Klem fra KariL!

Anna sa...

Ønsker deg og din fam. et riktig godt nytt år.