onsdag 9. mars 2011

Inspirasjon


Eg har vore så heldig å få nokre posar med gamle tekstilar.
Det er gardiner og sengeklede. Dei er i fantastiske mønster og fargerike.

I første omgang tenkte eg, ....hmmm kva kan eg bruke dette til......
Det vart det lagt litt til side for å modnast......

No har eg plukka det fram att og tenkte at no kuttar eg nokre bitar av kvar, quiltar og ser kva det blir....



Den eine stoffet var ei trådgardin i blå og grøne nyansar.


Først tenkte eg at eg må legge eit stoff bak sidan der er gjennomsiktig. Men så la eg det opp på vatten og fann ut at mønsteret og fargane kom betre fram med den kvite vatten under.....


Fram med stoppefoten og saum rundt mønsteret så det kom endå betre fram. Ein noko grov glidelås og nok eit stoff frå posen gjorde til at dette vart ei lita mappe til småting.



Den andre vart til av tre forskjellige gardiner i glade gul-oransje tonar.
Også her brukte eg mønsteret i quiltinga, dvs eg sydde i og rundt mønstera i stoffa.


Eg bretta mappa nesten dobbel, fann fram ein fin gamal knapp som vart prikken over i'en.... Ei hempe om knappen og mappa er klar til bruk.


Ein kan og brette ned kanten og bruke den som oppbevaring, evt. henge den på veggen etter hempa.



Det er som vanleg berre fantasien som set grenser;o)

Begge desse mappene er gitt vekk som takk for dei flotte tekstilane.

Tenkt å få slike skattar!



No gledar eg meg til å kunne bruke dagen inne til bakværk og saum;o) Ute er det surt og kaldt, men om litt kjem våren;o) ..... trudde eg...... no er det julestemning ute.....;o)


Ha gode dagar!

5 kommentarer:

Kerstin sa...

Det er utrolig hva du kan trylle fram med søm. Jeg er kjempeimponert.
Ha en strålende dag.
Klem

Orlaug sa...

So fint....og som du seier:Det er fantasien det kjem an på, og den ser det ut til at du har rikeleg av.
Takk for inspirasjon!
Ha ein god dag!

Anonym sa...

Kjempefine, og veldig inspirerande! Fekk lyst å trylle fram noko 60'talls-strikk eg no.. :)

Ps: ta ein titt på bloggen min, så får du nok auge på eit meget kjent tre ;)

Ha ein fin dag!!

Villblomsten sa...

Hei :-)
Så mye fint du har laget :-)

AnneH sa...

Jeg var ute på surfing og landet i bloggen din. Det var lurt av meg, for her fant jeg mye flott. Så koselige mapper du lagde av stoffene du fikk. Jeg stikker innom senere også jeg!