søndag 13. mars 2011

Min nye favoritt....


Nok eit kjekt arbeid er ferdig og eg har fått meg ein ny favoritt.....;o)
Eg kallar denne kjolen for Jærkjolen min;o)
Grunnen er at tråd og stoff er handla på Jæren, inspirasjonen og starten på prosessen til denne kolen kom då vi var på tur til Kari.
Ho gjorde det slik at vi fekk besøke Ullrommet, der tråden kjem frå. Ein fantastisk tråd i nydelege fargar!!
Stoffet til skjørtet var akkurat kome inn i ein av butikkane vi var innom, så det var i grunnen heilt klart at eg måtte lage denne kjolen.....;o)

Denne jakka passar godt til... Den vart strikka på bilferie i Danmark for nokre år sidan.
Eg er veldig glad i lune gode jakker og fargen på denne passar perfekt til pynen/detaljane på kolen.....

Nede på skjørtet har eg laga nokre pyntesaumar.
Det er nok ein nydeleg tråd frå Ullrommet.
Når eg ser desse fargane saman minner det meg om mosegrodde steinar eller fargar i vasskanten.
Grågrøn mose på grå steinar med ei lita stripe gult inn i mellom..... Slik ein finn på strendene på Jæren eller her omkring......


V-halsen har og fått kantar av den same tråden.
Det er prikken over i'en og gjer kjolen det vesle ekstra , tenkte eg....;o)
Tråden er hovudsakeleg ull, den lysaste grøne tråden er silke. Skjørtet er i bomull, mjuk og god!
No er det tid for bunadsprøving og meir bunadssaum;o)
Ha gode dagar!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Flott! :D

Ha ein fin søndag!

KariL sa...

Skjønner godt at dette er blitt ein ny favoritt. Nydelig. Herlige farger.
Lykke til med bunadssaumen!

Ha ein fin søndagskveld!
Klem!

Ann Tove sa...

So fin kjole. Ja, dette må vere ein favorittkjole, ser ut som ein behageleg modell. Og ingen har maken. Kjekt med litt anna arbeid innimellom bunadsaum. Ha ei fin veke.

GNIST by Gitte Bettina Lauridsen sa...

Utrolig fin kjole! Jeg har så sansen for kjoler som kombinerer strikking/hekling og stoff. Veldig fint hullmønster på toppen og dekorativ kant! samtidig er kjolen enkel med det ensfargede livet - rett og slett nydelig!