mandag 30. mai 2011

Alvesaum....


Nok ein alv er ferdig.

Broderiet er overstrødd med blomar og perler;o) Alven er yndig og med den vesle harepusen som gøymer seg blant blomane er det eit søtt, lite broderi.

Det skal bli kjekt å sjå alle tolv alvane ferdig brodert. skal eg plukke fram stoffa som kjem saman med broderiet og sette det saman til eit teppe. Spennande;o)

Ein ny alv er kome i posten og er gjort klar til å bli brodert.
Eg skal finne fram tråden og samle alt i alve-broderi-posen min;o).

Det er kjekt å ha alt samla, lett å finne fram og ta med seg.

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

Ann Tove sa...

Dette blir eit flott teppe, gler meg til å sjå det ferdig. Og so fint broderiet er, du er kjempeflink.