tirsdag 24. mai 2011

Ein liten blome....


Her har det vore stilt ei stund.... slik vil det vere av og til.
Eg tenkte at når vår eigen komfirmasjon var over, skulle eg sy og ha god tid...
Men mange kjekke avtaler på rekke og rad gjorde til at enno ei veke gjekk før eg kunne sette meg med symaskina.

Når eg kom så langt visste eg rett og slett ikkje kva eg skulle starte å sy, eg rydda litt i stoff... Det plar av og til hjelpe meg i gang.... ikkje denne gangen.

Eg enda opp med å reparere ein stabel bukser som har lege på vent... Ja, ja som Laila sa, "det er no å sy det og...."


Men i går var eg på quiltemøte;o)

Det var dresdenplate som var tema. Ein enklare måte å gjere det på. Lite tråkling og vips så vart denne ferdig på møtet;o)

Det vart ein søt liten blome....

Eg har vore så heldig å fått nokre nydelege gamle sengeklede som eg kan sy av.

Så på desse vakre stoffa, fargane, mønstra...
For ei lukke!!

Eg tenkte å finne nokre fleire stoff for å lage ein liten duk med desse drestenplatene.

... og no er eg plutseleg i gang;o)

Ha ein strålande dag, håpar dei strålande vi har no snart kan byte plass med nokre solstrålar.....;o)

Nyt dagen!

Ingen kommentarer: