onsdag 11. mai 2011

Litt pynt til bordet....


Vi er omtrent ferdig med bordpynten.

Blomane valde ho i vinter, ho har sett seg ut slike nydelege roser. Serviettane vi fann passar godt;o)

I helga bretta eldstegullet serviettar. Ho prøvde ulike måtar å brette dei på og enda opp med ein variant som vi skal legge på fata. Kvit duk og kvite fat treng ein fargeklatt;o)




Ho har og laga bordkort. Dei vart ferdig i påska;o) Fargane passar til blomar og servietter.
Nydelege fargar saman.

Turkis-grøn til mannlege gjester og rosa til kvinnelege.....;o)

"Då blir det litt meir fargar, mamma"....;o)

..... og eg er heilt einig!



Ho ville gjerne ha litt meir på bordet, og ideen om sommarfuglar saman med lysa evt. strødd over bordet vart fødd.....

Så no er ein liten flokk sommarfuglar klare. Fargane er henta frå bordkort, serviettar, lys og blomar....




No ligg alt pakka i ei kasse klar til bruk.

Blomane skal Kari ordne, dei er i dei beste hender! og vi gledar oss til å sjå kva ho tryllar fram;o)

No skal dette få vente til laurdag, då får vi sjå om det vert slik vi ha tenkt oss det.....;o)


Ha gode, solrike vårdagar!



2 kommentarer:

Anne Lise sa...

Dette ser kjempefint ut. Og så skjønne sommerfugler. Lykke til til helga!

Lilla dør sa...

Kjempe flott bordpynt . Kos dokke med dagane som ligg foran no! Gildt med konfirmasjon