mandag 6. juni 2011

Eg måtte berre.....

 ..... nyte den fine dagen medan vi hadde den. Det var i går og i dag er det grå skyer att og vi er lova regn.....

 Eg starta dagen med litt hekling.

Eg fann ei kjekk oppskrift her via denne bloggen .
Og naturlegvis måtte eg berre prøve den.

Ja, Unni, Laila og Kari! Eg og ugler, det er no slik som det er ..... 

  

Nøklane mine er allereie på plass...
Det er ei god oppskrift, enkel å følgje.

 Eg ser at Fru Madsen har mange kjekke hekleoppskrifter.  Eg kjem nok til å prøver fleire....  

Friske fargar og sjølvsagt ein liten desj turkis.....Store auger og litt naiv, klok og uskuldig.
Ein kjekk liten skapning som skal passe nøklane mine og som lyser opp i kvardagen;o)  

Om ettermiddagen var det ut i det blå. Feiring av bursdag ei kryptisk melding om å møte med turklede, gode sko, sittenunderlag og tom sekk.                                                                                      


Vi enda ved sjøen, ein idyllisk plett!, saman med vener og familie. Ungane kosa seg med å finne krabber og andre sjødyr...Med god mat, god drikke og god prat vart det ei kjekk stund for både liten og stor. 
Ein god dag med ein stor dose sol og uteliv, eg kan gjerne få fleire slike dagar....

Gjer dagen din god! 

4 kommentarer:

KariL sa...

Å for ei herleg ugle. Godt ho skal passe på nøklane dine. Godt med gode hjelparar. Rundpinnemappene din var kjempesøte.
Bra du nytta dagen så godt i går, for idag er det inneliv som duger. Eg brukar fineværsdagane mest til å bli svart under neglene, men uteliv blir det jo i allefall.
Skal ta ein titt på sida du refererer til.

Ha ein god dag i regnværet :)

Klem :)

Lilla dør sa...

Eg og hadde falt for dei uglene....... bare kjempe fine. Eg hadde ikkje kommet lenger enn at eg hadde printa ut mønsteret og funne garn:)Det har vert mykje maling og beising ute i dei siste dagane...
Klem Kari

Birgith sa...

Hei Solveig. So kjekt å sjå innom bloggen din. Du er flink både med penn, kamera og handarbeid. Du sprer verkeleg kvardagsglede med bloggen din. Sjåast på neste samling :o)

Alice Schmidt sa...

Hvor er uglen dog bare kær :-) Tak for din kommentar hos mig :-)