mandag 8. august 2011

Borte bra, heime er framleis best......


Vi har hatt ein nydeleg, flott ferie med sommaren som vi har lengta slik etter. Det har vore tid til både strandliv og byvandring.

Vi har besøkt og traska gatelangs i Aalborg, Frederikshavn, Skagen og Århus. Nydelege byar med flotte parkar og eit yrande shoppingliv.
Eldstegullet var langt meir uthaldane enn vi andre, men heldigvis finns det plassar å sette seg ned for å nyte kaffi, livet og utsikta, så vi som trengde det kunne ta pausar.

Litt har vorte med heim... Stoff som kan bli nye kreasjonar, så eg er ganske klar til å sette meg framfor symaskina.


Sykroken min er i same rommet som vaskemeskina og tørketrommelen så eg må berre fjerne nokre haugar med klede, les: vaske fleire maskiner med ferieklede, før eg kan sette i gang med å klippe og sy....
....men i morgon kjem eg nok til å starte uansett.....;o)

Stranda har og vore flittig brukt. Steinar, krabber og skjel har vi plukka og nokre er nok blitt med heim, gode minner frå ein flott sommmar.
Dei to minste likte dette best, men det var kjekt for alle.



Det har vorte nokre mil og timar i bil og båt og då var det fart i strikkepinnane mine. Det og lydbok gjorde bilturane ekstra kjekke.

Det gjer meg ingenting å vere passasjer dersom eg har strikk, lydbok og kan la blikket vandre over landskapet vi køyrer gjennom.

Feriestrikket denne gangen var i bomull og mønsteret er frå Rasmilla som har laga nok eit godt mønster. Det er enkelt og greitt å følgje og etter nokre omgangar sat mønsteret i fingrane.

Det resulterte i at eg er ferdig med bak- og framstykkene og er kome halvvegs på 1. erme. Nokre kveldar framfor fjernsynet eller ein biltur til og eg har fått meg ny jakke.....

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Du er flittig på tur også:) Eg kan knapt nok sjå på eit kart før eg vert dårleg under bilkøyring, men er ikkje bilsjuk til vanleg. Så å strikke (om eg no hadde gjort slikt) er iallfall heilt utelukka...

LeKaQuilt sa...

Det er herlig med ferie og godt å komme seg bort litt. Hos meg ble det needle turn aplikasjon i bil :o)