onsdag 31. august 2011

Frodig retro

Eg måtte ha ei pause frå dongeriprosjektet mitt i ettermiddag. Det er stort og tungt å jobbe med.

Eg må tenkje litt meir på korleis eg skal løyse neste steg, så då vart det ei tenkjepause med saum attåt... 

Eg fann fram den fargerike retro-duken min som var klar til quilting og lukkekant.

Den har lege å "modna seg" i sommar. Eg valde å ikkje lage den større, den er passeleg stor, nett slik den er.

Eg har nytta fine stoff som eg har fått, samla og arva.

Her er det nydelege sengkle og kle som no kan brukast til å lage fargerike "tekstilar" til glede og nytte.

Det har vore veldig kjekt å få og bruke desse flotte, fargerike stoffa med frodige mønster. Eg blir glad når eg ser dei.

Det blir nok laga meir med desse stoffa, om litt.....;o)
Det vart "grøftesaum" slik at eg ikkje tek fokus vekk frå broderia. Dei fargerike lappane mellom brodaria verker, om mogeleg:o), og rolegare utan anna saum.

Ein lukkekant i kontrastfarge var det som skulle til.

Eg har fått nokre kommentarer på at duken er symetrisk, for det er ikkje vanleg hos meg.....

Men denne gangen tenkte eg at eg for ein gang skuld skulle vere litt firkanta og symetrisk, berre slik at eg har gjort det. Det er ikkje sikkert at det skjer fleire gangar....;o)

No kan vi pynte med ein sommarleg gla' duk og då varer  seinsommaren lenge her i huset i haust...


Med solskin skjørt og frodig retro strekk vi sommaren heilt til advent!;o)

Gjer dagen din god!

5 kommentarer:

Ann Tove sa...

Duken er kjempefin.

annemariesquilt sa...

Flotte ninepatch quilter du har laget !! Da legger jeg inn 2 prosjekter til på deg ;-))

Barbros lille atelier sa...

Så utrolig fin!!

2ne sa...

Herlig duk - gøy med disse retro stoffene :-)
God helg

SNILLPIKE♥ sa...

Herlige farger, og så koselig å forlenge sommeren med en sommerlig duk.

En strålende helg til deg og dine, klem.