onsdag 10. august 2011

litt av alt....

Eg er i gang att med saumprosjekt og etter ei pause frå symaskina har eg lyst til å gjere alt på ein gang.....

Dagen i går gjekk med til å tenkje.... teikne, klippe, stryke og litt hansaum. Altså lite maskinsaum;o) Men i dag er det ein ny dag med nye mogelegheiter!;o)

Biletet viser ein liten sniktitt på kva eg puslar på med, det kjem meir om litt;o)

Då vi var på tur såg eg mange flotte geometriske mønster og former, nokre var lagra i minnet og nokre klarte eg å fange med kamerae.

Nokre med kameraet i fart, slik som her..... Dog med varierande resultat.....

Men det kan gje idear til kreative syslar ein vakker dag....

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

Svalen sa...

Hei. Ser spennende ut, gleder meg til å se fortsettelsen!