mandag 29. august 2011

Nytt og spennande....

Endeleg ny PC!!!!!

Å byte PC er kjekt, men gjev litt ekstra arbeid og det er ganske tidkrevande.

Heldigvis likar min kjære slikt arbeid;o) Men eg og er glad i å klikke og finne ut av nye måtar å gjere ting på og lære meg dei nye programma. Noko av helga vart brukt til det;o) Difor vart det lite blogging....;o)

Eg skal sette meg inn i dei nye tinga litt etter kvart, for no er det mange andre syslar som berre må gjearast. Det er kjekt, fordi mesteparten inkluderer symaskina mi;o)





Bilda har lite å gjere med den nye PC'en, men eg må berre vise det som eldstegullet laga før helga. Ho skulle i bursdag til to veninner som begge hadde ukulele på ynskjelista.

Då laga ho liksågodt desse to nøkkelringane, i siste liten.... Eg trur ho og jobbar best under press. Og restekorga mi kom godt med.

Tøffe synes eg!






 

Tankearbeidet mitt har resultert i stoff og vatt som er kutta. Så måtte eg berre pynte litt og teikna, klipte og limte;o). Her er eg i full gang med å quilte.

Det var moro, og nye idear til undervegs....  Det har eg gjort før, og det er kjekt å jobbe slik.

No kan eg nesten ikkje vente med å sette i gang med neste stykke.

Dongeri og raudt er tøft saman....;o)


Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Ann Tove sa...

Flink og kreativ jente du har, men ho har å liknast på òg.
Eple faller ikkje langt frå stammen :)
Gler meg til å sjå kva det du styrar med blir til slutt..

BenteOO sa...

Fine!
Ser føre meg at Gitar og Fele kan vere andre variantar som fortel litt om nøkkelringinnehavaren!
Blomane var vakre!

Svalen sa...

Gratulerer med ny PC!
Så flink jente du har, festlige nøkkelringer hun har laget. Det skal det bli spennende å se prosjektene dine ferdig.

KariL sa...

Gratulerer med ny PC. Kjekt at du har ein som liker å trykke for det tar altfor mykje tid. Må tru eg er nysjerrig. Dongeri og raudt er tøft :)

Hels jenta, knalltøffe nøkkelringer og hugs eg treng strikkemarkører!

Klem :)