torsdag 11. august 2011

Skal, skal ikkje.... skal tru om.....

I løpet av sommaren har eg hekla ruter. Det har vore kjekt å ta til og til tider har eg hatt dilla..... Her har eg lagt dei ut over, pusla og leika meg med alle dei flotte fargane.

Eg har ikkje hekla dei saman endå, då eg er i stuss på om eg skal hekle fleire. Det hadde vore kjekt å hatt teppet litt større..... eller....

Eg har to nøster til som eg ikkje har brukt til no. Eg skal vurdere om eg skal hekle i veg og blande inn endå fleire nyansar eller om eg skal vere nøgd som det er.

Eg skal og finne rette fargen og tråden til å hekle det saman. Eg veit kva eg vil ha, men om eg finn den, ja det vil vise seg.....;o)

Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Unknown sa...

Nydelige farger, vet jo ikke hekt hvor stort det er men jeg ville laget det litt større ;o) Hvilket garn er det?

Mona sa...

Nydelige farger du har brukt!

Anonym sa...

Blir nok kjempefint uansett hva du velger å gjøre, nydelige farger du har brukt.

Ønsker deg en strålende flott helg, klem ann helen (snillpike)

Ingeborg Lura sa...

Så nydelege fargar! Det blir nok et godt koseteppe dette:)