fredag 26. august 2011

Tankearbeid....

Av og til kan ein berre sy i veg og kose seg og bli ferdig på ein, to, tre. Kose seg med fine fargar og stoff og glede seg over eit kjapt resultat som fell i smak hos mottakeren. Det er alltid kjekt.

Andre gangar får ein (heldigvis) utfordringar. Då må ein fram med blyant, papir, kalkulator og målband..... Noko tankearbeid har ein vore gjennom før ein kjem hit, og enno litt skal ein gjennom før ein set kniven i stoffet og let det stå til....

Dette er også moro;o) Men eg brukar tid på det og skubbar det litt føre meg ei stund, så tek eg det fram att, legg det til side att, koblar av med noko som er lett og greitt.

Når det så har modna litt til, kan ein ta fatt i kniv og linjal. Eg er kome dit no;o) og om litt skal de få sjå kva eg puslar med.

Dagane fyk, der er eit teikn på at vi trivast, rutiner skal på plass att, foreldremøter med informasjon om nytt skuleår og arbeidsmåtar skal mottakast, vurderast og vidareformildlast.



Når kveldane kjem er det godt å slappe av litt med eit handarbeid. For tida er det broderi eg tek til. 

Som sagt før er eg glad for at eg kan veksle mellom div. handarbeid, noko som huset ber preg av.....;o)

Det er nok av prosjekt som ligg klare, strikkety og hekleprosjekt, to jakker og eit teppe... Broderi i alle variantar.... og plutseleg er noko ferdig....;o)  Då kjem dei her....

Dette er Tusenfryd frå Northern Quilts, som har vore med meg rundt om kring i sommmar, men det er her heime eg har brodert det.... No er det klart for quilting, pynt, lukkekant og handsaum, ...om litt....;o)

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

KariL sa...

Så spennende då, gleder meg til vi får sjå kva du held på med. Tusenfryd-arbeida dine ser nydelige ut, vi får vel sjå dei heilt ferdige òg?

God helg!

Klem:)