tirsdag 20. september 2011

Det blir ikkje alltid slik ein har tenkt....

I går vart ein slik dag..... Og innlegget om noko kreativt kom ikkje..... Men eg var på møte i quiltegruppa om kvelden og fekk snakka mykje, kutta strimlar, og sydd EIN SAUM!!

Her ser det kor langt eg kom......;o) Men no ligg alt til rette for dette prosjektet, i ei ledig stund kan eg sette meg ned å sy;o) remsene er kutta til, så det er berre å plassere stoff og sy;o)

Vi har valt å ha Log Cabin som tema for året. Det er kjekt å lære for dei som ikkje har vore bort i det, og godt å friske opp att for dei som har gjort det før. Vi skal ha for oss fleire teknikkar, jamt fordelt gjennom året. Det blir kjekt!

Her er mal for "vanleg log cabin" vi starta med den.
Ein god lærar har vi, og ho hadde laga ein flott mal til oss. Så no er det berre å sy i veg;o)

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Ann Tove sa...

Dette høyrdes kjekt ut.Inspirerande å vere fleire ilag å sy. Eg går og gler meg til første helga i oktober, då skal eg på redesign kurs igjen.

Ingeborg Lura sa...

Fine fargar. Skal bli spennande å sjå korleis det ser ut når det er ferdig. Ha ei fin veke:)