Det har vore godt sy-veir i det siste, men i dag skin sola og eg håpar ho kan vere her lenge!
Eg reknar med at det er mange som skal nyte sola og den fyrste dagen i hjortejakta. Det blir nok ein fin dag i skog og mark for mang ein jeger.
Vi turgåarar får berre passe på å gå på dei rette plassane og vere godt synlege....
Eg har sydd ferdig veske nr 2.
Den er ikkje så stor som den første, den er berre 60 x 75 cm. Og så denne har eg pynta.
Det er kjekkare å sy når eg kan leike meg med fargar og stoff.
Og eg trur at pynten gjer det kjekkare å bruke veskene for mottakeren og.
Eg har pynta dei både framme og bak.
Den første veska med blomar. Store blomar til ei stor veske.
Eg tenkte først at eg skulle bruke fôstoffet som pynt, men voksduken vart fort bytt ut med litt stoff frå lageret.....
Den andre veska fekk fuglepynt på framsida, og er quilta i rette saumar.
Eg ramma inn biletet og fortsette med 5 cm mellom kvar ramme til heile biten var quilta.
Veskene har både skulderreim og hankar slik at dei blir enklare å handtere når tavlene er på plass.
Baksida på veske nr 2 har fått hjerter og er quilta som framsida.
Då er det berre å sjå om dei er brukandes for dei som skal ha dei. Eg håpar det.....;o)
Gjer dagen din god!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar