onsdag 21. september 2011

Ein liten blome til....

Nok ein gang har eg boltra meg med blomar.

Ein nydeleg lilla lin, eit vakkert stoff med småblomar som passar til og vips vart det ei veske. 

Som vanleg måtte eg pynte litt. Det er kjekt å kunne bruke fôrstoffet til pynt på utsida. Det blir det vesle ekstra....;o)

Eg fekk sjå bilete av ein veskemodell som ikkje var å finne lenger, og fann ein modell som likna. Nokre justeringar og endringar har eg gjort undervegs.  

Inne i veska har eg som vanleg laga ein "dobbel-lomme"
Ein lomme med glidelås og ein utan, i ein og same lommen....;o)

 Eg likar denne type lomme og brukar den ofte.

No er eg spent på om den fell i smak, om den passar, og er slik ho har tenkt seg den....;o)

Vel, det får morgondagen vise;o)


Gjer dagen din god!


5 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Veldig fin!

Lilla dør sa...

Kjempe fin veske . Du er go"e. Eg skal ha sy helg til helga. Gleder meg.

Bente sa...

Den var verkeleg fin.
Nydeleg lilla lin, og flott blomsterpynt.
Denne fell nok i smak.

KariL sa...

Nydelig veske med flotte detaljer. Lommedetaljen er smart og ikkje minst det at ein kan lukke veska også.
Denne fell nok i smak :)

Ha ein god dag!

Ann Tove sa...

Flott veske. Både fasong, farge og kjempefin blomst. Denne må jo berre felle i smak.