mandag 17. oktober 2011

Eit sting og eit til....

Det har vorte mange sting på desse fine alvebileta mine. Nr sju er ferdig og nr. åtte ligg klar...

Det er fine fargar og fin strek i desse bileta. Eg gledar meg til alle er ferdig og eg kan legge dei ut over saman med stoffa til rammene.
Då skal eg pusle stoffa saman og lage alveteppet mitt. Det blir spennande å sjå korleis det blir når det blir ferdig. Enno er det sju broderi, ein haug med broderigarn og 3x7 stoffbitar som skal bli til eit ferdig teppe.

Mykje godt arbeid med andre ord;o)

Når eg har brodert har eg mangla ei nålpute.

Til eldstegullet sin frustrasjon har armlena blitt brukte til nålputer og ho har sett i nokre hyl....

Men no er det slutt på det!

Eg har laga meg ei nålpute i nokre av mine vakre retrostoff. Den kome med i broderiposen og no er det orden på sakene....;o)

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Lilla dør sa...

Så flink du er. Holder med elstegullet at armlena er ikkje nålepute, Flott nålpute du har fått deg....husk å bruk ho.:)

Hilde sa...

Du er ei kreativ jente som lager masse flott. Hit skal jeg flere ganger så nå er jeg følger her hos deg. Ha en flott helg.