torsdag 13. oktober 2011

Gode dagar;o)


Her  er det haustferie og full fart! Eldstegullet og to venninner arrangerer 4H Matskule for 18 ungar frå 3 - 7 kl. Det er fullt program frå kl 9 - 15. Der lagar og et dei frukost, middag og kake til dessert.


Mellom matlaging, måltid og rydding er det aktivitet enten ute eller i gymsalen. Det er dyktige ungar som er i sving.

Minstegullet og eg var så heldige å få vere med på tirsdag. Då var det laksepasta og marsipankaker som sto på menyen.
Som du ser er det mange ivrige hender i sving for å lage marsipanpynt.



Kakene vart imponerande og overdådige. Diverre har eg ikkje fått overført bilete til Pc'en. og kameraet er med på siste dag av matskulen....

Haustferien byr på dagsturar og venninnebesøk for minstegullet og meg, inn i mellom byr den og på pausar med handarbeid og systunder.

Eg vart feista av Ann Tove før helga og eg måtte berre.... Så no har eg nokre nydelege pulsvantar å pynte meg med.

Eg har strikka dei i Lace frå Garnstudio og kidsilk haze frå Rowan. Dei er nydeleg, mjuke og heilt kløfri, for dei som treng det...;o)
Eg kjenner at det er tida for å finne fram ullkleda att....


I helga var vi samla for å sy. Vi har starta på fleire ting men dei er ikkje heilt ferdige enno.
Noko vil komme her etterkvart..

Eg måtte kjøpe ny lyspære til symaskina mi og tusla opp på den lokale sybutikken. Lyspære fekk eg ikkje men........
Desse vakre stoffa fann eg..... Det var 20 forskjellige Tildastoff i 16x16 cm, to bitar av kvart stoff.




Eg klarte ikkje å la vere å bruke dei med ein gang...

Halve pakken er no kutta og sydd saman og sydd fast til eit bakstykke.

Planen er nye putetrekk. Resten av pakken har eg og planar for, og om litt får eg nok litt kvalitetstid med symaskina.....

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Ann Tove sa...

Hei, ser ut som det er full fart sjølv om det er haustferie.Pulsvarmarane var fine, du fekk det til ,du. Eg er ikkje komt lenger, har fått forklaring på mønsteret, men vart so ivrig med duken eg strikkar på. No er eg snart ferdig med den, då får eg prøve til igjen med pulsvarmarane.
Blir flotte greier av desse lappane dine, inspirerande.Ha ein fin og solrik dag:)

KariL sa...

Utruleg kva desse jentene får til. Heilt sikkert til glede for alle som er med.
Pulsvarmane var kjempestilige. Blir spennande å sjå alt du får ut av lappebunken du kjøpte. Nydelige stoff i herlige farger.

Ha ei fortsatt god veke!

Klem:)

Lilla dør sa...

Heilt imponert kva du og dine får til! Pulsvarmane var kjempe flotte! Klem lilladør