fredag 7. oktober 2011

Haust



No er hausten komen for fullt. Det bles så huset ristar og det er kaldt i huset. Då er det godt med fyr i omnen. Det lunar godt.

Lauv og barnåler ligg strødd ute og vitnar om at hauststormane er  i gang.

Men det er no litt koseleg å kveike lys, brygge te og kose seg inne.  Ein luftig tur ute og inn att til te og kos.


Etter litt husvask denne veka har eg henta fram att sterke fargar i dukane.

Vekke er dei lyse dukane og fram med gode fargar. Eg har og plukka fram mange lys, i alle variantar, dei blir flittig brukt.



Helga skal og brukast inne, symaskin, liljal, kniv, stoff, god mat, gode samtaler og latter. Alt ligg til rette for gode dagar!

Hausten er ei god tid for små og store prosjekt inne.

Vår og sommar er kjekke og vi lengtar etter sollys og varme. Men haust og vinter har sin sjarm, turar ute med mykje veir og kos inne med lys, te og handarbeid . God musikk eller lydbok og familiekos det gjer godt!


Gjer dagen din god!



2 kommentarer:

Barbros lille atelier sa...

Så fine bilder! Nydelig duk i flotte fargekombinasjoner!
Skulle gjerne sett hele duken. Utrolig vakker!

Kos deg innendørs med symaskinen!

Lilla dør sa...

Ha ei god helg! Gler meg se kva du syr. Klem Kari