mandag 31. oktober 2011

Haustsyslar....


Hausten byr på mykje.....


Solstrålar fekk vi servert tidleg sist veke, og då var det berre å finne joggesko å traske ute.

Eg nyt sola og restane av dei vakre haustfargane og lukta av våt skog med sol på....

Det meste vert lettare om vi får nokre solstreif...., men innekos er og viktig;o)

Eg fann denne flotte hortenisaen hos Kari's Bomster og den måtte berre bli med heim;o)


Saman med levande lys, gjev en ein fin ramme for innekos;o)


Hausten byr og på fest og avslutting av 4H prosjekt. Mesteparten av sist veke var travel for eldstegulla mine....
Den eine hadde mat som tema og den andre saum og design.

Det var nokre stolte foreldre/besteforeldre og søsken som var på haustfest i går. Mange flotte prosjekt var stilt ut og mange flotte 4H-arar fekk utdelt merke og vurdering av prosjekta. Underhaldning og loddsal var og på programmet saman med kaffi, brus og kaker. Ei god stund for alle som kom.

 Denne engelen vart gjort ferdig og vart med som gevinst til loddsalet. Eg håpar den fall i smak hos dei som vann den.....;o)



Tusen takk til alle dokke som har lagt att kommentar til teppet mitt.

Det ligg å "modnar" framleis, men eg har nok landa på eine varianten. Kva for ein som er vald kjem om litt....;o)


Og så må eg berre ha med endå eit solstrålebilete..... Vakkert ikkje sant;o)


Gjer dagen din god!

Ingen kommentarer: