tirsdag 4. oktober 2011

Helgelukke...


Vi har hatt ei kjekk helg med mange gode opplevingar! Tur til Bergen gjev godt påfyll i mange variantar.

Helga starta med bursdag for min del og flotte gåver, blant anna desse to. Eg har ikkje teke meg tid til å studere eller sy noko endå, men det skal bli ei råd med!


Dette programmet har eg hatt lyst å prøve ei stund og no ventar mange kjekke timar med ny kunnskap. Er det nokon som har prøvd det og kan gje meg tips så tek eg gjerne i mot det!




Det er ingen hemmeligheit at eg er svak for ugler.... og ei god venninne veit nett det og gav med desse vakre stoffa og serviettar som passar til. Det er ei lukke å få dei og noko fint skal det bli av stoffa!

Idear har poppa opp i løpet av helga, det manglar ikkje på dei....

Skal tru om ein kan ha servietter berre til pynt.....;o)




Dåpen i helga var i Johanneskirken, ei vakker kirke og ein fin sermoni for veslegullet. Ei nydeleg tulle med store, vakre, brune auge!


Dagen vart feira med familie og venner. Det er alltid hyggeleg å treffe både familie og venner av foreldra. Det gjev rom for kjekke samtaler, latter og saman med god mat blir det ein hyggeleg dag.
Dog noko travel for foreldra til dåpsbarnet.....;o )



Eg lagde denne vesle veska til veslegullet. Tenkte den var fin til oppbevaring av smykket som og var ein del av gåva.....

Eg likar så godt fasongen på den og den kan brukast til mangt.

Den kan lagast med og utan broderi alt etter kva eller kven som skal ha den....





I Florø er det litt vind i dag og noko grått, det blir nok stort sett innedag og kanskje blir det litt saum på meg.....

Det knakar litt i veggane, og det er fyr i ovnen,  så det minnner om haust, gitt......



Gjer dagen din god!




Ingen kommentarer: