lørdag 22. oktober 2011

Kurskos;o)


Litt oppdatering undervegs....

Vi har hatt ei fantastisk helg så langt;o) Eg reknar med at morgondagen blir like bra!!

Helle er inspirerande, humoristisk, positiv og ein god kurslærer. Ho har geleida oss gjennom teknikken med stø hand!




I går kutta vi stoff og plasserte bitane slik at vi kunne sy i dag.

Det har vi gjort, til tider var det omtrent berre symaskinene vi høyrde. Då var det full konsentrasjon rundt bordet..... vi har sydd, stroke og kutta, sydd, stroke og kutta.....

Det skal og må vere system når vi syr denne teknikken og det terpa Helle på gjennom heile dagen, og vi ser kvifor..... 



Her ligg bunken med alle dei raude blokkene mine ferdig.
10 blokker så langt....
I morgon er det dei lyse og turkise som står for tur;o)

Bilde av alle blokkene kjem, om litt..... etter helga ein gang....;o)

Det er utruleg kjekt og spennnande å sjå korleis blokkene blir, difor syr vi, syr og syr spent på neste bit og blokk.....



Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Jofrid sa...

Blokkene vart flotte. Kjekt når deiblir forskjellige. Skal bli spennande å sjå resultatet. Ha ein fin søndag. Klem Jofrid

Bea sa...

Å, så flott!! Kos deg på kurs! :)

ahli sa...

Spent på å se sluttresultatet. Fine farger.

Astrid