onsdag 19. oktober 2011

Putefest!!


I dag går det meste i langsomt tempo... Ei forkjøling gjer det meste litt tungt.

Det går seint å tenkje og gjere ting, men eg har sydd ferdig den siste av to puter på føremiddagen;o )!


Det er halvparten av lappane, som berre vart med heim....pluss 50 cm lin, og litt frå lageret....
 
Som vanleg har eg pynta baksida;o) Eg likar at den og er fin. Det er kjekt å quilte med rette linjer både tett i tett og etter mønster som her....

Minstegullet har allereie testa den første puta som var ferdig igår....


....og eldstegullet såg og at det var kome ei ny, fin pute i sofaen, slikt gledar eit morshjerte;o)

Eg har brukt ei slik linjal som gjorde det lett og enkelt å lage drestenplater;o)

Her har eg brukt dei største bitane som var att, etter å ha kutta trekantane, og sydd dei saman til ei remse.



Resten av lappane er nesten ferdig. Det er litt handsaum att før bildet kjem her.....

No skal eg kvile litt med handsaum, lydbok, strikk eller noko som eg kan gjere i langsamt tempo.

Det er nok ein dag med inneveir, det regnar og bles ute så eg skal fyre i ovnen, tenne nokre lys og finne eit lappeteppe, tekoppen og ha litt mjukt papir for handa.... Då har eg det godt! Snufs, sufs, atjooooooo! ;o)


Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Putene dine er kjempe fine! Jeg liker godt quiltingen din, slik håper jeg at jeg hadde ville gjort også :o) Lekkert.
Koselig at frøet så at det var noe nytt!

Bente sa...

Flotte puter, både på fram- og baksida.
Quiltinga har fin effekt.

Ynskjer deg god bedring.

Klem :-)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Skikkeleg flotte!

Anne Lise sa...

Kjempeflotte puter, på begge sider.

Ønsker deg også god bedring.

Ann Tove sa...

Putene er kjempefine. Ynskjer deg god bedring.

ahli sa...

Nydelige puter.

Astrid