torsdag 24. november 2011

Eit lite hus i skogen.....


I dag har eg kosa meg med endå meir saum. Ei avtale vart utsett og dermed hadde eg nokre ekstra timar til kos og småsaum;o)

Eg har lenge tenkt at eg skulle sy nokre hus. Ein dag var eg så heldig å finne denne bloggen og i dag vart det altså tid til å prøve dette mønsteret;o)

Dei var veldig kjekke å sy og det kan godt hende det blir fleire.

Kanskje nokre a' la meg.... inspirert av dette mønsteret.....



Lista over saker som eg skal sy blir lenger og lenger.... ja, ja det er godt er har noko å ta til.....;o)

Eg var innom ein bruktbutikk og fann ei fin heklebrikke, nett passeleg størrelse til ei nålpute.


Eit fint stoff, passe søtt... og vips så vart det endå ei nålpute.


Både husa og nålputene er levert på Kreativiteten for på søndag opnar julebutikken.

Det er fast tradisjon at den opar etter at julegrana er kveikt første søndag i advent.

Då kan folk komme innom til kaffi og kaker og kikke på alt det flotte som er for sal på bua., så VEL MØTT!!




Fine stoff til baksidene er viktig. Berre sjå her....;o )

Dagen vart avslutta i godt lag på Kreativiteten. Kari/Lilla dør er kome til Florø og i kveld var det kurs i dominostrikk og vendestrikk.

Vi er så heldige at vi skal få nyte godt av hennar selskap i heile helga. Tema for helgekurset er: Vi syr og førebur advent, julehelga og vinteren.


Kva vi skal lage veit vi ikkje endå, men kjenner eg ho rett, og det trur eg at eg gjer....;o), så har ho mykje inspirasjon til oss! Eg er klar og gledar meg stort!

Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

Bente sa...

Artige hus!
Spennande besøk i Florø,skal blir kjekt å sjå kva du har laga inspirert av ho :-)

Anonym sa...

Liker husene dine og det andre du kreerer:)
Inspirerende med kurs:)

Trine:)Gult hus i svingen

Skjerstad sa...

Så fine de husene var :) Sykurs er noe jeg kunne tenkt meg å gå på .Kos deg på kurset :)

Takk for at du vil være med på min GA :)
Janne

Rita sa...

Koselige småprosjekter :)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fine, små hus!
Håpar du får ei triveleg helg på kurs:)

tubakk sa...

Så flotte dei husa var! Tusen takk for linken. Da blei lista over "har-lyst-til-å-sy" enda lengre....

Bestemor Drillo sa...

Nydelige småting du har laget!
Ha en fin adventstid!
Klem fra bestemor!