onsdag 23. november 2011

Inspirert...

I går var eg heldig og fekk mykje god inspirasjon;o) av ymse slag.... Kryptisk, men men....;o )

Så inspirert vart eg at eg i dag tok fram teikneblokk og blyant.

Det resulterte i ein haug med sopp. Små, store, lange, korte lubne.....



Nokre av dei overførte eg til stoff.  Nok ein gang har eg brukt gode, sterke fargar . Dei vart brukte til å dekorere to bokomslag.

Bøker er putta i  omslaga og dei er klare for julebutikken til Kreativiteten.

Fargerike sopp på framsida og silhuett på baksida...



Den eine boka har til og med fått sopp på innsida....


Sjølve omslaget er i lin med fargerikt bomullstoff på innsida.


Den andre har fått lysande, frodige retro soppar.

Eg blir i godt humør av slike fargeklattar og tenkjer at ei bok med slik omslag gjev glede i kvardagen;o)

Håpar det gjeld for andre og.....;o )



Dette vart kjekt og det spørs om det ikkje blir laga fleire ting med sopp på.


 Brått og uventa kan dei komme sprettande fram....;o)



Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Soppene dine er kjempe søte! Liker sopp i stoff, jeg :o)

Unknown sa...

Koselige sopper du har sydd, sopper finnes i utrolig mange varianter.

Bestemor Drillo sa...

Herlige bokomslag !
Sopp gjør seg på rene flater , de lyser opp!
Klem fra bestemor!