søndag 6. november 2011

Slik vart det;o)

I går sydde eg saman teppe-toppen. Og slik vart den.

Som de ser er det ikkje den måten flest hadde vald. Men eg likte denne måten best.....;o)
Eg er ikkje spesielt systematisk når eg leikar meg med kreative sprell.

Det er det raude som dominerer teppet. Kanten har og sin dose av raudt og lukkekanten skal og vere raud.
Når ramma no er kome på, skal eg finne ut kva vatt eg skal velje, og korleis eg skal quilte det...;o)

Teppet skal først henge på ein vegg, men eg vil ha mogelegheit for å kunne bruke det som sengeteppe eller koseteppe seinare.

Difor har eg fundert litt på kva vatt eg skal bruke. Har du erfaringar du kan dele med meg?

Eg kunne tenkje meg bomullsvatt, men lurer på om den blir for mjuk når teppet skal henge...... Eg blir veldig glad om eg kan få nokre tilbakemeldingar frå dokke;o)


Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

Lilla dør sa...

Eg likt veldig godt måten du har sett saman teppe på. Det blir eit kjempe teppe . Ha ein fin søndag.

Anonym sa...

Nydeleg!!! :D

Sonja frå Sunnfjord sa...

Det vart no flott uansett måte:)

Merete sa...

Kjempeflott teppe. Skal det henge på vegg vil jeg anbefale bomullsvatt, da henger det flott og teppet blir deilig som slumre/sengeteppe senere også:-)

KariL sa...

Det vart nydelig. Enig med deg, likar ikkje når det er for symetrisk. Eg har ikkje så mykje erfaring så det blir ikkje noko frå meg.

Lykke til med quiltinga!

Klem:)

Bente sa...

Teppet blei lekkert.
Eg ville brukt bommullsvatt, den er god å jobbe med, og teppet blir mjukt og fint.
Korleis det er når det heng på veggen veit eg ikkje.

ahli sa...

Reppet ble kjempeflott.

Astrid