søndag 20. november 2011

Søndagskos

I dag har det vore stille og fredeleg.

Inneveir, ei heller våt helg... men vi har slike fine dagar friskt i minne!

Minstegulla på overnattingsbesøk og eldstegullet i selskap med sine overnattingsgjester der film, film og film sto på programmet, gjer at min kjære og eg kan fylle dagen med det vi vil.....

Litt uvant, men godt av og til;o)

Eg har jobba meg gjennom ein haug med klede som trengde å bli reparert. Ikkje det som er kjekkast, men ganske nødvendig då bunken var blitt temmeleg høg......;o)

Men med godt selskap av ei lydbok, gjekk det unna i ein fei;o)

Deretter kunne eg gjere kjekkare ting, som å klippe ut bitar til applikasjon, øverføre mønster til sticheri og planlegge div. prosjekt.

Eit av desse er dette:

Fargane er heilt feil, men når den er ferdig skal eg prøve å få eit bilete i dagslys slik at fargane kjem til sin rett.


Ein våt, mørk haustettermiddag er ikkje optimal for å få  gode bilete....

Strikketoppen er i ein nydeleg varm lillafarge.....

Mjuk, lett alpakka og eit yndig holmønster;o)

Ein kjole til bruk i adventstida... eller rett og slett ein ny yndlingstunika....;o)


Gjer dagen din god!

1 kommentar:

LeKaQuilt sa...

Høres ut som en flott helg, ja bortsett fra å reparere klær...... Av en eller annen grunn så er det rett og slett kjedelig å bruke tid på.
Her har det bare vært tåke, virkelig tett tåke i hele dag. Men det er da tross alt bedre en tett snøfall :o)