tirsdag 8. november 2011

Tussa

Dette er Tussa;o)

Ideen har surra rundt opp i hovudet mitt ei stund, og på turen søndag vart dei siste detaljane tenkt ut.

Etter å ha kome vel i hus sette eg meg til å teikne mønster og sydde kroppen.
Kroppen vart stappa og tynne hamp armar og bein kom på plass.






 


Ho er litt stiv i krøllane..... Men er elles er ho sjarmerande, eller kva?

Ho er litt romantisk, sjølv om eg nok hadde tenkt meg ho noko røffare.....

Difor vil det nok komme ein røffare versjon om litt.



 





Namnet måtte bli Tussa, eg tusla trass alt i tussmørke og månelys nedover stien, medan tankar på englekropp, vengjer, armar og bein surra rundt i hovudet. 

Eg trur nok ho og er litt lik opphavet!, som til tider kan vere nok så tussete....;o )


 




Når eg vel var i gang kom det endå fleire idear til kjole, vengjer og pynt til.

Ho kjem difor til å få nokre søstre.... Dei pressar seg på.... Nokre blir lik i kropp og fasong medan andre vil ha andre former....;o )

Så det blir vel endå litt meir engleprat her framover.....


Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Ann Tove sa...

So fin Tussa blei. Ja, det er rart med alt som dukkar opp i tankane når ein er ute og går. Du er flink.

KariL sa...

Bare så lekker Tussa blei. Nydlige detaljer. Gleder meg til å sjå systrene.

Klem:)

ahli sa...

Kjempefin. Spent på søstrene

Astrid

Svalen sa...

Den var utrolig søt:)