fredag 16. desember 2011

Jul og sånn....

Denne veka har vore full av kjekke aktivitetar og lite tid til blogging.

Eg har hygga meg med god julemiddag i veldig godt selskap! God mat og gode venner er ein flott kombinasjon og kan anbefalast på det varmaste!!

Julekort skal skrivast og sendast til familie, slekt og venner.

Eg har fått oppleve mange flinke pianistar, elevar på kulturskulen, på den årlege juleavslutninga. Det gav og senka skuldrar og tårer i auga, då kom den berømte morskjensla....

Så var det julefest på skulen til minstegulla. Mellomstegullet var med på julespelet og sang solo og du veit, det skal ikkje meir til før mora smiler, har klump i halsen og er rørt til tårer....;o) Ja, ja det er no godt at det er slik og....

Litt heimelaga pakkar er laga og dei bør eg vente med å vise fram. Slik at det blir overraskelse til dei som får dei.... Men ein liten snik-kikk kan de få, så kan de lure på kva det er;o)



Eg har og ein halvferdige sømann, her i dårleg kveldslys.
Ja, ja  Kari, den er ikkje ferdig nno ..., men han har smilt muntert i heile desember.

Eg har no innsett at det vil bli ein veldig kjekk julesyssel å gjere den og dei tre andre likesinna ferdig. Denne manglar litt pynt, eg har og ein som er sydd saman, men ikkje vengt og to som berre er planlagde....;o)

Eg veit og nøyaktid kvar dei skal stå å spre livsglede!!;o)

Denne hatten manglar ein snømann, skulle tru hatten har lege her lenge sidan dompappen har laga reir i den......men berre vent, i romjula er det sikkert rolege dagar som kan fyllast med gla'syslar som dette!

Ja, ja no skal eg fram med nål og tråd. Eg vil nytte fredagskvelden til å få enno nokre julegåver ferdige;o) Seinare i kveld blir det gåvestrikk til handballkamp, eg har det godt!

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Hos deg skinner vist sola året rundt!

KariL sa...

Å lage julegåver er givande. Lykke til!

Ha gode førjulsdagar!

Klem:)