fredag 9. desember 2011

Juleverkstad

I førjulstida er det mange slike. Minste- og mellomstegulla har vore på kvart sitt.

Minstegullet kom heim med denne fine lykta i veka som var. Den er enkel og fin. Gjenbruk er fint og sylteglaset er pynta med lim og tråd som er surra rundt og rundt, så eit lett dryss glitter.

Vakkert til telys. Eg tenkjer det hadde vore fint med ein blondekant rundt toppen, men det skal få vere slik som ho har laga det.
Det gjev fin stemning i førjulstida.

Mellomste var på Julehuset, denne kvelden var det toving av julemus .

Ho kom heim med musemor og to ungar. Faren og eine ungen vart diverre gløymt att...... Ja, ja det er mykje ein skal huske før jul, så litt svinn må ein vel rekne med...... Men sjarmerande er dei i alle fall;o)

Ullkuler har ho laga før så det gjekk som ein leik, gulltråd til veirhår og glitrande auger, litt filt til øyrer pluss ein hale er det som skal til.

No sit dei og vaktar og lurer på når julekakene kjem ut av glaskrukkene og kakeboksane her i huset......


Vi har leika med tanken om å lage vår eigen juleverkstad.

Litt papir, lim perler m.m. og surfing på nettet så finn ein mange idear og kan ha ei fin stund med gløgg, frukt og kaker;o)

Det blir stas!!

Her er litt av pynten her hos oss, noko utan om det vanlege men eg likar den, eg......;o)

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Sååååå flotte ting gullene dine har laget. Lyslykten er kjempe fin og musene like så!
Ekstra morsomt blir det å ha disse tingene når barna er blitt større.
Ha en riktig fin adventhelg !

Ann Tove sa...

Ingenting er so flott som sjølvlaga ting til pynt.
Kjekt å sitte fleire saman å la kreativiteten blomstre.

KariL sa...

Juleverkstad er tingen i desse tider. Har vore på Julehuset med prinsessa mi idag og eg trur vi koste oss like mykje både to :)

Klem:)