tirsdag 6. desember 2011

Vinterfint.....


Så er den flotte  julekortstemninga her att!

Den er nydeleg når ein er inne og ser ut,.....

....men når ein skal ut, å gå eller køyre bil og bur oppe i høgda..... då kan det verte litt utfordringar....;o)



Snømåking er ein av dei, men heldigvis har eg gode hjelparar.

Ein rygg som kranglar, passar dårleg saman med snømåking. Det same gjer glatte fortau.....

Men det er lyst og triveleg! Det er kome grus i vegen og på fortauet så det meste er på stell;o)


Litt strikk er ferdig, klar til å feste trådar så litt vask og forming.

Eg likar desse som eg første gang fekk sjå hos Ann Tove. 

Dei er passeleg pynta og lekkre å ha på;o)



Noko er undervegs.... Ein er ferdig og nr 2 er kome på pinnen.

Det er så mange flotte møster ein kan prøve og så mange fine, mjuke kvalitetar i tråd og fargar for ein kvar smak....

Så la deg inspirere og finn fram tråd og pinnar;o)

Gjer dagen din god!

Ingen kommentarer: