fredag 13. januar 2012

Mappesaum....;o)

Vel, eg har ikkje sete lenge nok til å sy saman kjolen....
Men eg har fått sydd litt, då eldstegullet plutseleg berre måtte ha ei sydd gåve.

Som vanleg...;o) får syerska temmeleg kort frist til det skal vere ferdig, eller skal vi seie seint beskjed om det som skal gjerast......

Eg fekk heilt frie tøylar! Ho likar det lyst og englar og sånn.....var beskjeden.... Vel kva gjer ein då?



Då ser ein gjennom stoffa ein og to gangar. Prøver nokre av stoffa saman med bilete som eldstegullet har plukka ut.

Plukkar fram litt stesj, tenkjer litt, funderer og tenkje litt til. Ser gjennom stoffa ein gang til,  går tilbake til det opprinnelege...

Stryk litt, kuttar litt her og litt der, starter å sy, og plutseleg går alt av seg sjølv og vips er ein ferdig..... eller noko slikt.....

Kjekt var det i vert fall, kjekkare enn helgevasken eg er ferdig med om litt...... Etter kaffipausa.....;o )

Berre litt til og så er det handarbeid og god fredagskveld!

Gjer dagen din god!

5 kommentarer:

Gudrun sa...

Underbart arbete!!

Lilla dør sa...

Kjempe flott mappe. Eg er enig at sying er bedre enn helgavask:))). Ha fin kveld. klem kari

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjekt å få ein slik fin presang!
God helg :-)

Anonym sa...

Den var kjempelekker og så rask som du er da :)
Klem Laila

KariL sa...

Romantisk og herlig gåve. Heldig er den som mottek denne. Utruleg kva ein finn i tølene sine :) Du er flink å sette saman.

Ha ei riktig god helg!

Klem:)