søndag 15. januar 2012
Mysteriestrikk... og mysterieutfordring.....;o)
I dag har eg skrive ut ei ny etappe.
Det er spennande å sjå korleis mønsteret blir for kvar omgang.
Det er kjekt strikk og nett passeleg lengde/mengde arbeid for kvar veke.
Med nett passeleg meinar eg at eg og kan pusle med andre handarbeid mellom øktene.
Det er kjekt med variasjon på handarbeidsfronten;o)
Som du ser blir det nokre flotte sokkar, denne veka er det hælen som skal strikkast, med mønsterstrikk etter diagram.
Spennande.....;o)
I dag håpar eg på ei god økt med symaskina.
Eg har for ei laaaaang tid tilbake blitt utfordra.
Den har fått modne lenge, i går sette eg i gang.
Eg kom eit stykke på veg og håpar å få gjort meir i dag....;o)
Gjer dagen din god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Spennande. Gler meg til å se kvar det blir av frøposene:)) Sokkene var kjempe flott, vanskeleg mønster ?
Eg og er spent på kva som kjem utav de frøposene ???
Klem Laila
Flott mønster på sokkane. Er òg spent på det andre prosjektet ditt.
Legg inn en kommentar