Mellomste har vore i bursdagsselskap til to klassevenninner. Då ho kom heim med innvitasjonen var det og med eit ynskje om gåva......
Dei vil då gjerne ha pennal....;o) Det smeltar eit kreativt morshjerte at jentene vil ha slike og at mellomstegullet vil gje dei det.
Eg fekk vite kva fargar som vil falle i smak. Eit godt utgangspunkt for oppgåva;o)
Eg plukka i lageret mitt og fann nokre fine fargerike stoff, nokre ugler sneik seg og med denne gangen....
Fargerik glidelås er kjekt til slike prosjekt. Eg gledar meg over å boltre meg i fargar!;o)
Namnet på mottaker må og vere med, det er stas og ingen tvil om kven som eig det!
Desse pennala/ boksane kan varierast i det uendelege. Denne gangen varierte eg med å ha striper i tre stoff på det eine.
Ei stripe på tvers i ein kontrastfarge og enno eit anna stoff til kantar ved glidelåsen "gjer susen".
Det andre er laga av 6 kvadrat med ei stripe imidten, som dannar botnen.
Eg har funne ut at silkebanda som ofte er i skuldersauman på nye gensarar eller blusar er fine å bruke om att.
Denne gangen har eg brukt dei som "hankar" ved glidelåsen.
Andre gangar knyter eg dei i glidelåsen med knappar eller perler på. Det er i passe lengde og smale nok til å tre perler eller kanppar på.
.....Hmmmm her var innebilete, ja, ja du ser rette fargen over.
Mellomste gullet og mottaker er nøgd og då er det kjekt å lage gåver!
Gjer dagen din god!
8 kommentarer:
Å, dei var flotte!
So fine fargerike stoff du har brukt......supre gåver, detta!
God helg!
Er det bare å legge inn ynskje :)) for min del er det viktig med ugle stoff. Dei var kjempe flott dei du har laga . Tenk så heldige dei er mottakerne . Ha ei flott helg
Superfine penaler! Du kommer nok til å få bestilling fra hele klassen.
Riktig god helg:)
Kjempeflotte ! For sei som Lilla Dør , er det bare å komme med ynskje:)??
God Helg !:)
Klem Laila
Jepp;o) Det plar gå greitt;o)
Det er i vert fall mi erfaring....;o)
Må vere kjekt å få slike ynskjer, ja:) Fine er dei iallfall!
:-)
Må berre sei at jentene dine er heldige som kan få bort slike gjeve gåver.
Gpd helg!
KariLklem:)
Så flotte sybokserpenal du har sydd! Flotte farger også! Ha en fartsatt fin helg!
Legg inn en kommentar