søndag 1. januar 2012

Reste strikk og anna strikk.....

I julehelga har eg strikka på to prosjekt som har vore undervegs på tampen av 2011. Det eine er denne halsen som eg har strikka i Fin 224 frå Du Store Alpakka. Det er i ein varm lillafarge. 

Mønsteret ,som er likt på både retta og vranga, er enkelt og lett å følgje. I Fin er det mjukt og lett og ligg godt rundt halsen både i ein og to runder.

Eg hadde og litt restetråd frå tre julegåveprosjekt, som eg forøvrig gløymde å ta bilete av.... 

Litt av desse restane brukte eg til å strikke desse pulsvarmarane. Eg brukte og litt av tråden til halsen, slik at eg kan bruke dei saman;o)

Begge desse prosjekta har eg funne via denne kjekke bloggen;o)
Det var eit kjekt mønster å strikke, men om eg skulle strikke dei på nytt vil eg strikke dei rundt og ikkje fram og tilbake.

Eg var ramma av "romjuls-giddaløyse" og les ikkje lenger enn til kor mange masker eg skulle legge opp..... og ja eg har lagt vantane feil veg, det ser eg no;o) når eg tek dei på skal eg passe på å få dei rett på....;o)

Det andre prosjektet som har vore undervegs vart strikka ferdig i går. Når trådane er festa og nokre få sting sydd blir det vist fram her.

Då har eg berre nokre få prosjekt undervegs att......;o)

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

KariL sa...

Tøffe pulsvarmere. Alltid kjekt å få brukt opp rester. Elles har det vore slaraffenliv i romjula her også. Ei tid for alt heldigvis :)