tirsdag 17. januar 2012
så gjekk det slik det måtte gå.....
... eller noko slikt.....
Når eg skulle lage noko av" frøposane" vart det til at eg laga noko som eg likar godt å lage....
Til den første har eg henta inspirasjon frå denne bloggen og denne bloggen
....ideen har deretter modna ei stund og etter nokre kosestunder med symaskina vart resultatet dette.
Ein engel (surprise!!!) av posen med blomkarse.
Ein skikkeleg langbeint hageengel... Namnet måtte berre bli: Majus....;o)
Bein og vengjer er av lerk.
Blonden som var med har blitt skjerf . Eg har og brukt ein bit av den for å binde saman greinene til vengjene.
Håret er kjøpt på snopebutikken;o) fordi fargane passa så godt til kjolen.....
Eg trur denne engelen er litt rampete, den ser i vert fall slik ut.... og klar for ein innsats i hagen... eller skal ho berre støtte seg til riva......;o)
Deretter var turen kome til posen med gulrot.
Eg er svært glad i gulrot, eg knaskar den rå med eller utan dipp eller kokar den lett eller raspar den til middag:o) Gulrotkake har og vore ein favoritt.....;o)
For den er jo sunn, er den ikkje.... i vert fall i namnet....
Eg ville og ha heile biletet med og dermed vart det ein "gamal travar"! Nok ei mappe har sett dagens lys...
Eg er heldig, for eg har fått eit fantastisk grønt stoff som tidlegare var gardiner.
Eg hadde og ein knall raud glidelås som berre ropte etter å bli brukt nett til denne mappa!
Dette er no kombinert med gulrøtene mine. Ei fargeglad og lang mappa med god plass til litt større prosjekt eller saker og ting;o )
Den siste biten av blonde vart knytt i glidelåsen, så no har eg berre att ein liten bit av stoffet med blomkarse. Det tenkte eg å bruke til applikasjon. Ein liten fargeklatt...
Vart dette bestått eller.......???;o)
Gjer dagen din god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Absolutt bestått.....og kreativt "til tusen"!
Så underbara idéer du har..man blir glad av din kreativitet!
Visst ikkje dette er bestått så veit ikkje eg , kjempeflott :)
Tru kva eg skal gjere no då ?
Klem Laila
Bestått og vel så det:))))) Imponert .... Tar hatten av for deg! Klem
Kreativ dame, må eg sei :-)
Så oppfinsomt og flott !
Du er en kreativ dame !
Klem fra bestemor som har hatt en bloggpause!
Legg inn en kommentar