fredag 10. februar 2012

Hjerteleg..... Buggy Barn


Eg nemde for litt sidan at eg kanskje kunne få vise fram teppet til Laila. I veka fekk damene i Sjeive Sting sjå og klappe på det flotte teppet. Eg fekk knipse litt....

Laila har sydd det i flotte lilla, grå-svart og kvite stoff. Og med ein desj lime! "Den gjer susen" og gjev "liv" i teppet.


Eit lekkert slumreteppe som berre må bli ein favoritt!

Dette er endå ein variant å sette saman blokkene på, det er berre fantasien som set grenser...



Laila har quilta teppet med stoppefoten. ... eit arbeid vi berre må "ta av oss hatten" for!

Ho er svært nøgd med symaskina si, og det seier ho etter å ha quilta dette store teppet, så då må det vere sant...;o )

Det er eit stort teppe ho har rulla saman og arbeidd med, på ei "vanleg" symaskin.... Det er denne maskina ho har.....;o)



Gjer dagen din god!

Ingen kommentarer: