tirsdag 13. mars 2012

Ei brukandes skuleveske.

Eldstegullet har lenge trengt ny skuleveske. Ho har ikkje funne ei som passa, det skal klaffe både med fargar og størrelse.

Vi har blada gjennom div. blad og bøker og landa til slutt på eit mønster frå My Quilt.




Litt stoff er funne på lageret....., nokre kjøpte og jammen var det eit dynetrekk vi kunne bruke om att.


Ho har nokre favorittstoff og fargar som er brukt. Og utruleg nok har det sneke seg inn nokre ugler….. også denne gangen;o)

Det er mange lommar på utsida til busskort, flaske og ein med glidelås.



 


Bak på veska er det ein lomme over heile veska. Inni er det ikkje lommar, men då er det god plass til pc og bøker.


Veska vart ferdig i går kveld, så bileta er diverre ikkje i dagslys, men fargane er nokså rette.....;o)


Eit stort smil, og nøgd jente er god betaling for arbeidet!

Eg tenkjer at ein bør ha litt erfaring med å sy, om ein skal bruke mønster frå My Quilt.

Eg har laga eit par strykker frå desse blada og er glad for at eg har sydd før, då eg av og til må gjette meg til korleis ting skal gjerast.

Det var dagens hjartesukk......;o)
Men resultatet vart bra!



Gjer dagen din god!


6 kommentarer:

Lilla dør sa...

Fine veske. Du er goè.... eg trudde kanskje du skulle ha den med til Bergen. Men tydelig du har gitt den bort allerede:))) klem

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fin og smart veske!

Ann Tove sa...

Kjempefin veske. Denne får nok jenta stor glede av, kjekt å ha ei skuleveske som ingen har maken.

Bente sa...

Stilig veske,kjekt med mange lommar.
Eg deler ditt hjertesukk ;)

ahli sa...

Tøff veske. Den ser veldig praktisk ut. Har vurdert den til jobbveske.
Deler hjertesukket ditt.
Vanskelige mønstrer og mye tull med utsendelsen av bladet. Så jeg vurderer abonnementet mitt.

Astrid

Gudrun sa...

Läcker väska och fina detaljer.FIna färger också.