tirsdag 27. mars 2012

Eit sting....eit til..... og endå eit...


Omsider er septemberutgåva av alvebroderiet mitt ferdig!;o)

Dette har vore under arbeid i lang tid. Det gjekk fort og greitt med sjølve alven og så starta eg på soppane....

Dei er brodert med ein tråd og i plattsaum og då gjekk det litt trått. Eg hadde det med på årsmøte og broderte soppar i lange baner,og med eit par kveldar til etter turen var det ferdig.

Eg må midlertidig innrømme at eg undervegs tenkte »at du ikkje berre sydde konturane med attersting». No i ettertid er eg glad for at eg ikkje gjorde det.

Neste månad er klar til brodering, det er november. Oktober har eg ikkje fått endå, men eg har både november og desember så eg er ikkje arbeidslaus;o)

Tenk eg har berre tre bilete att før eg kan starte med å sy teppet saman...... Det blir spennande!

Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Anonym sa...

Flott blei det :) men det var godt å bli ferdig.
Klem Laila

Lilla dør sa...

Eg er imponert ...kjempe fine. Tenk kor fint teppe du får. Klem Lilla dør-

Madikken sa...

Superflott blogg
kommer igjen

tubakk sa...

Så flott dette ble da. Blir spennende å se hele teppet ferdig med tid og stunder. Jeg kan ikke brodere annet enn det jeg klarer å sy på maskinen. Men det går bra, dersom det ikke er for vanskelig mønster. Tror ikke det hadde gått med soppene.God påske til deg!