søndag 11. mars 2012

Kursglede i vente!


I april får vi besøk av  Wenche Wolff  Hatling frå Northern Quilts.
Då er det dukar for ei ny spennande kurshelg.

Vi er heldige for vi skal få lære fleire teknikkar av den dyktige designeren.


Fredag vil ho lære oss handsaum utan pappmaler.

Vi skal få tips og triks om kjapp handsaum på "amerikansk" vis....

Ho har vist mange flotte modellar på bloggen sin, ta turen innom og ta ein titt. Det er berre å finne fram kniv, matte og fine stoff, så vil ho hjelpe deg i gang.



Laurdag er det saum av toalettvesker som er på programmet.

Ho har designa to nye modellar som vi skal få prøve oss på denne dagen.

Det er alltid kjekt å prøve noko nytt og med ein god lærer i nærleiken er eg sikker på at det blir ein god kursdag.



Søndag er det broderusk som står på programmet.

Wenche er ein mester i å lage fine broderusk mønster, ofte ein kombinasjon av broderi og lappesaum.

Ho har laga mange slike mønster og det kjem nok mange fleire.  Du kan teikne eit  abonnement på slike mønster i butikken.


Eg er sikker på at dette blir ei fantastisk helg. Vi som er påmelde gledar oss til å bli insprirerte og lære nye teknikkar!

Og om du har fått lyst til å vere med kan du melde deg på her, om det skulle vere fleire ledige plassar.....;o)


Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Det kommer til å bli en herlig, fantastisk, inspirerende og trivelig helg. Det er alltid hyggelig å møte andre sydamer på kurs :o)
Gleder meg til å se resultater fra helgen.

Gudrun sa...

Tyvärr bor jag alldeles för långt bort, men jag är riktigt avundsjuk påhur trevligt ni kommer att få:-))Wenche är så super duktig och kan så mycket.
Kram Gudrun

Lilla dør sa...

Det såg kjempe spennande ut.. Eg skulle gjerne ha vert der ! Men det blir nok vanskeleg. Gler meg til å treffe dokke neste helg i Bergen

Margit sa...

Å dette såg kjekt ut- skulle gjerne vore med på kurs! Gler meg til å sjå resultatet ;O)

KariL sa...

Du kor spennande. Eg gle meg til ei innhaldsrik helg.

KariLklem:)

Anne's Quilteri sa...

Så heldig dere er med en kurshekg, Kos dere masse :-D Det er alltid så inspierene med slike helger. _Gleder meg til og sealle de fine resultatene fra helgen.

Anne's Quilteri sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.