onsdag 4. april 2012

Berre lekkert!

Ein liten tur på by'n enda i eit knippe vakre vår fargar. Eg har to prosjekt som eg tenkte eg kunne starte på i påska. Eg kan jo ikkje bli handarbeidslaus......;o )

Fargane berre ropar på å bli brukte! Og eg er alltid klar til å prøve noko nytt;o) Eg trur dette blir lekkert.

Det kjem her når eg har fått det ferdig, eller kanskje dukkar det opp undervegs....

Endå meir lekkert er dette! Det har vi kosa oss med i helga. Eldstegullet kokkelerte og freista med desse, eg bakte skulebollar og så inviterte vi sviger familie på kaffibesøk. Det var koseleg, og mette det vart vi!!!

Min kjære føretrekkjer til vinyl, det har han alltid gjort og heimen ber preg av det. Det er mykje gromlyd i huset;o ) Han fann nokre attgløymde skattar i barndomsheimen.
Eldstegullet fann og nokre og her er resultatet etter nokre kreative syslar.

Eg trur der gjorde litt vondt for min kjære å sjå dei bli forvandla. Han kjem nok til å passe enda betre på samlinga her etter.....;o)

Men fine såler det vart det. Han har godkjent at ho kunne skape dei om, det var striper i platene og dei kom ikkje til å bli spelte meir.....;o)


Gjer dagen din god!


9 kommentarer:

myQuilt sa...

Nydelige strikkegarn! - og flotte kaker og artig "vri" på de platene, selv om det kjennes litt vondt å se de slik for en som også er glad i vinyl:-)

Lilla dør sa...

Spennande kva du no skal til med... Fine farger. Ha ein go`e onsdag kveld. klem

Anonym sa...

Det manglar ikkje på kreativitet hos dokke nei , artige skåler .
Ynskjer dokke fortsatt ei god påske:)
Klem Laila

Gudrun sa...

Det bli absolut läckert..och det andra är läckert också.
Glad påsk!
Kram Gudrun

SNILLPIKE♥ sa...

Godt med nybakt, og koselig med gjester.

Stilig bruk av ubrukelige vinylplater.

God påske til deg og dine, klem.

Kerstin sa...

Ønsker deg og dine en riktig god kreativ påske :))

LeKaQuilt sa...

No er jeg spendt på hva du skal lage med de flott fargene! Ha en riktig fin påske. Klem Lena

KariL sa...

Kreativt å utnytte skada vinyl :)Ho har ein utømmelig kreativitet. Imponerar heile tida.

Spent på kva du har tenkt å lage no. Følgjer spent med:)

Ha god påskeferie!

KarLklem:)

Fru Keilegavlen sa...

Nydeleg garn og muffinsane ser kjempegode ut. Artige skåler!! Kan eg spør om korleis de har laga dei? Ønskjer deg ein fortsatt fin påske.